Eg e egentli ganske glad i nynorsk, sånn som veldig få andre her i verden. Under her kan du lese ett innlegg eg skreiv tell Senterungdommen si medlemsavis “Desentralist” om stemmerett førr 16-åringa.
Ja til røysterett for 16-åringar ved lokalvalg!
Kvifor ja?
Ungdommen sit med ein kunnskap berre dei har, på lik linje med eldre menneskjer. Ungdommen er ekspertar på korleis det er å være ungdom på heimplassen deira. Korleis skulle ein ha utforma eldreomsorga dersom ikkje dei eldre hadde stemmerett og kunne sei korleis dei ønska å ha dei? Det blir stadig fleire og fleire eldre menneskjer i Noreg, og om ikkje lengje kjem ”eldrebølja”, som er resultatet av babyboomen på 50-talet. Dei eldre blir i fleirtal, og ungdommen kjem til å fella enda lengre bak i prioriteringsrekkja.
Vi har både eldreråd og ungdomsråd i kommunane rundt om, slik at desse ”minoritetane” skal få løfta fram sine synspunkt. Likevel er det stor skilnad mellom disse to. Dei eldre har røysterett, medan ungdommen ikkje får anledning til direkte påverknad før dei har fylt 18. Det er heva over all tvil at politikarane høyrer først på dei med røysterett, sia det er dei som faktisk bestemmer.
At den demokratiske balansen blir skeiv når eldrebølja slår til er eit faktum. Er det ikkje like viktig å sikre ungdommens rettar på lik linje med dei eldres? Røysterett for 16-åringar vil sikre demokratisk balanse i framtida.
I 1978 gjor Stortinget noko mange avvarte sterkt imot, nemlig å senka røysterettsalderen frå 20 til 18 år. Det blei då sagt at 18-åringar ikkje var modne nok. I dag er det få, om nokon, som pratar om å auke grensa til 20 år igjen. Likevel slit vi fortvarande med låg valdeltaking, og ungdommen er ikkje dei beste i klassen.
I 1996 opna fem tyske delstatar for røysterett for 16-åringar, og resultatet er overveldande. Ungdommen visar seg å vere blant dei mest ivrige når det gjeld val, og utgjør difor ei betydelig veljar gruppe. Det sett krav til partia som ønskjer ungdommen som veljarar fordi dei no er tvungen til å drive aktiv ungdomspolitikk på lik linje med eldrepolitikk.
Likevel må ein gjera noko med valdeltakinga over heile linja. Eit valoppmøte på under 70% i enkelte kommunar talar om eit demokratisk problem. Eit tidlegare møte med det reelle demokratiske systemet, der ungdommen har reell makt er ein god løysning, men ikkje aleine. For å auke valdeltakinga må ein auke forståinga av kor viktig eit val er. Dette bør gjerast gjennom grunnskolen, som er den einaste opplæringa alle må gjennomføre. Ein må sjå at det nyttar å røyste, eller så fell heile grunnlaget for røyste bort. I dag har ein skuleval i den vidaregåande skulen, der ungdomspartia førar aktiv ungdomspolitikk for eit publikum som stort sett ikkje kan hjelpa dei å få fram disse sakene på nasjonalt nivå. Dei har jo berre røysterett i eit leikeval på skulane, og ikkje i realiteten.
Ikkje minst, så handlar røysterett til 16-åringar om tillit. Tillit til at ungdommen tek ansvar og er med på å skapa morgondagens samfunn. Tillit heng i hop med ansvar, og gjev ein ungdommen tillit til å vere med til å skapa sin, og dei som kjem etter sin framtidlige kvardag, vil dei ta ansvar.
Det finns eksempel på kommunar der ungdommen sjølv har intervjua og valt sin eige ungdomsarbeidar. Her gav ein ungdommen tillit, og ungdommen tok ansvar.
Til slutt er det snakk om å ha trua på demokratiet. Ungdommen er ein del av folket med behov på lik linje med dei med røysterett. Når dei er 16 år har dei lært om demokratiet i 10 år, og da bør ein gje dei tillit og la dei prøve det.
E du enig?
Ja, tar utfordringa, regne eg med :)
Det e faktisk helt sykt. Æ satt mæ ned og leste en hel foss av tekst – som handla om politikk! Det skjer ikke ofte, for å si det sånn! Du e flink å skrive Jonas, når du til og med klare å fange mæ i teksten når temae e så langt unna det som faktisk interessere mæ, da e det jammen godt gjort!
Æ måtte faktisk flire litt i starten av teksten. ”Babyboomen”, hah :-D
Takk Solveig :)
Ikkje bære va det politikk, men det va jo og skrevve på nynorsk :)